Kjell Fuglehaug, kjend blant anna frå «Antikviteter og snurrepiperier», vil leia oss gjennom kvelden. Med seg har han Paul Jarle Grande på torader.
Meny:
Ein omgang med smalahove og ein omgang med pinnekjøt/vossakorv
1 øl, 1 akevitt og heimabrygg
Kaffe og kaker
Det vert óg omvisning på anlegget.
Buss tur/retur Fleischer-stabburet.
Prisen på alt dette vert NOK 525 per person.
Me har også fått gode prisar på overnatting m/frukost på Fleischer hotell.
NOK 595 per person i dobbeltrom og NOK 775 i enkeltrom.
Av omsyn til hotellet, må me ha ei førehandspåmelding i løpet av mai frå dei som vil væra med på dette. Det vert sendt ut endeleg invitasjon i august, med påmelding og innbetaling i september. Me ynsker medlemmar frå heile landet velkomne til å delta (Bergensbanen stoppar på Voss).