Information in English Information in English Informaci�n en espa�ol
       Informationen in Deutsch

     Norske Akevitters Venner
     Postboks 119, Manglerud
     0612  Oslo

     Tlf: 23 15 85 00
     Kontortid: 09.00 - 16.00

Våre sponsorer:








     Abonner på våre
nyheter (RSS)
     Abonner på alle
artikler (RSS)

    

Akjevittkveld på Valbjør

19. juli 2013 kl. 19.00 skal NAV Ottadalen finne ut kva slag akevitt som høver til spekemat av kje og den velkjende Fjellgeit-osten frå Valbjør gard. Det vert servert lokale smakar frå Valbjør og Gudbrandsdalsmat, og vi må legge til at Valbjør er tildelt det nasjonale kvalitetsmerket for kulturopplevingar; Olavsrosa.


Ingvar Hage som sit i Presidentskapet i Norske Akevitters Venner, har takka ja til utfordringa om å leie akevittsmakinga denne sumarkvelden. Han kommenterer utfordringa slik:
    - Akevitt og geit, ja. Det har eg aldri kombinert tidlegare, men det løyser vi. Vi kan la møtelyden vera med og prøve og konkludere. Spekematen trur eg ville høve til Fjøllmatakevitt og/eller Sommerakevitt. Geitosten må eg nok prøve litt på kammerset før eg har noka meining.

Fleire av smarbeidspartnarane til NAV Ottadalen vil vera tilstades, mellom andre Hagen Bil AS.

Pris per person inkludert akevittsmaking er kr 490.

Påmelding til Akjevittkveld skal sendast så snart som råd til NAV Ottadalen på e-post simen@kulturarv.no


 tilbake

Frå ei kunstutstilling på Valbjør gard. Foto: Lars Ole Ørjasæter



Valbjør gard i Vågå. Foto: Lars Ole Ørjasæter