Information in English Information in English Informaci�n en espa�ol
       Informationen in Deutsch


     Norske Akevitters Venner
     Postboks 119, Manglerud
     0612  Oslo

     Tlf: 23 15 85 00
     Kontortid: 09.00 - 16.00

Våre sponsorer:








     Abonner på våre
nyheter (RSS)
     Abonner på alle
artikler (RSS)

    

Norske Akevitters Venner Hallingdal - Kong Haddings rike skipa

Godt over 50 akevittvener hadde laurdag den 26. januar 2013 funne vegen til Kamben høyfjellshotell på Golsfjellet der den formelle stiftinga av den nye regionen av Norske Akevitters Venner fann stad. Anne-Lise Mellbye frå Norske Akevitters Venner, stod for den høgtidlege stiftingsseremonien der styret og president vart vald.


Norske Akevitters Venner set kulturarv i høgsetet
Norske Akevitters Venner set fokus på å ta vare på den tradisjonelle norske kulturarven og har nedfelt dette i formålsparagrafen som lyder slik: «NAV skal i beste mening arbeide for ivaretakelse av vår særnorske kulturarv, akevittene og deres tilhørighet til den norske potetsprit. Og enn videre den kjærlige og behørige videreforedling bl. annet lagring på eikefat. Denne gode tradisjon oppsto en gang på 1800-tallet».
   I vedtektene, som vart vedteke av stiftingsmøtet, står at Norske Akevitters Venner Hallingdal - Kong Haddings rike vil arrangere samkomer der akevitt vert nytt. Slike samkomer skal samstundes ta vare på dei norske mattradisjonane. Kvart enkelt medlem har ansvar for å vise sømeleg åtferd og drikkekultur.
   Norske Akevitters Venner (NAV) Hallingdal- Kong Haddings rike har henta namnet frå kong Haddr som regjerte i deler av Hallingdal før Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike. Haddingjadalr var namnet på dalføret før Hallingforma breidde om seg utover 1400-1500- talet. Den gamle namneforma kom av haddr som tyder kvinnehår.

Akevittens historie
Anne-Lise Mellbye heldt eit lærrikt og underhaldane føredrag om akevitten i eit historisk perspektiv. Kinesarane var truleg dei første til å meistre kunsten å destillere, men det var dei arabiske maurarane som hadde med destilleringskunnskapene til Europa rundt år 900. Dei tidlegaste destillata var ikkje tiltenkt rus eller drikke, målet var å lage parfyme og etreiske oljer. Alkymistane som forska på metoder for å framstille gull, var også sentrale innan destilleringskunsten der tanken om vatn som førte til evig liv og dei vises stein kunne bli oppnådd gjennom destillering.

Ein nasjonaldrikk blir til
Akevitten, eller Agua Vitae er først gong omtalt i Noreg i 1531 i eit brev frå den danske høvedsmannen på Bergenhus festning til erkebiskopen i Trondheim, Olav Engelbrekston. Høvedsmannen skreiv så omsorgsfull at han sende med «noget vatn som kalles Agua Vite og hjelper samme vatn for alle hånde krankdom som et menneske kan ha innvortes».
   Christopher Blix Hammer, som levde på 1700-talet blir ofte referert til som den norske akevittens far. Hammer var embedsmann og budde på Melbostad gård på Hadeland. Hammer var opptatt av å del sin kunnskap med den jevne nordmann, og dreiv mange kunnskapsbyggjande prosjekt innan alt frå kartteikning og botanikk til gastronomi. Han var også oppteken av norsk kost basert på eigne råvarer, urter og planter. Trass i at det på den tida var forbod mot å brenne på gardane, oppfordra han langt på veg dei norske bønde til sjølv å brenne. Hammer var sjølv avhaldsmann og mana til måtehald.
   Den første akevitten var basert på brennevin av korn. Etter som poteta breidde om seg og eigenskapane som råstoff for brennevinproduksjon vart oppdaga, tok poteta over.

Kvinnelige pionerar
Kunsten å foredle potet til brennevin stod den svenske grevinne Eva af Ekeblad for. Ho klarte å få poteta til å gjære ved hjelp av spira malt. Etter grevinna sine oppdagingar gjekk det ikkje lang tid før dei første dråpar potetsprit også blei brent i Noreg.
   Ei anna kvinne som også står sentralt i den norske akevittens historie, er Catharina Lysholm. Catharina vart enke i ungalder, og arva ein betydeleg formue etter både ektemann og far. Catharina Lysholm etableret seg som skipsreiar, og dreiv storhandel med med Europa og Austen. Hausten 1805, ombord på skipet «Throndhiems Prøve», låg fem fat akevitt i lasta blant tørrfisk og klippfisk. Det endelege målet for reisa var Indonesia - eller batavia som det heitte på den tida, men akevitten fall ikkje i smak og vart sendt attende. Då fata kom attende til Noreg rett før jul i 1807, viste det seg at brennevinet hadde fått ein langt betre kvalitet. Akevitten hadde vaska rundt inni fata i takt med rørslene åt skipet og saman med store temperaturforskjellar på reisa fekk ein ei uvanleg mogning. Grunnlaget for linjeakevitten var lagt.

Festlyden går frå teori til prakis- i alle fall så får dei smake
Etter innføringa i akevitten si utvikling og historie, var det duka for akevittsmaking. «Dei fire store», Løitens Linie, Lysholm Linie, Gammel Opland og Siemers Taffel, vart alle saman presenterte. Det er i dag eit stort antal ulike akevittar å få kjøpt gjennom Vinmonopolet. Ulike regionar har utvikla sine eigen typer, gjerne basert på gamle lokale oppskrifter. Mange akevittar e også utvikla for å passe til spesielle matrettar, slik som rakfiskakevitt, ribbeakevitt, bacalaoakevitt eller soddakevitt.

Når Borge og Brøto ordet får, latterdøra på vid vegg står!
Stiftingskvelden vart avslutta med ei hyggeleg bordsete, der festlyden fekk servert ein velsmakande meny beståande av fire rettar. Kvar rett vart servert saman med ein spesialkomponert akevittmeny. Kjøkemeistrane Geir Olav Brøto og Kjell Borge klarte verkeleg å skape god stemning og løyse lattermusklane med replikkane sine og gode historier.

Møtet slutt...
I løpet av stiftingskvelden teikna det seg 24 nye medlemmer, og Norske Akevitters Venner Hallingdal - Kong Haddings rike er no oppe i 60 medlemmer i dei seks hallingdalskommunane. Dette er tre gonger fleire enn i mai 2012. Norske Akevitters Venner Hallingdal - Kong Haddinsg rike er eit vennelag med plass til mange fleire, og nye medlemmer vert ynskt velkomne!

Styret for Norske Akevitters Venner - Kong Haddings rike består i 2013 av:
Marit Wøllo, Hemseda l- president
Kjetil Larsgard, Hovet - ideutvikler og visepresident
Tove Eggen Lien, Hemsedal - matkulturansvarleg
Vidar Berg, Hemsedal - pennefører
Kjell Borge, Gol - skattmeister
Pål K. Medhus, Hol - Skald- Skald ikkje


 tilbake

Delar av nye presidentskapet i NAV Hallingdal - Kong Haddings rike: Frå venstre Vidar Berg, Tove Eggen Lien, tidlegare NAV-president Anne-Lise Mellbye som bisto under skipinga, Marit Wøllo og Kjell Borge.(foto: Anne Borchgrevink Alu)



Høg konsentrasjon rundt prøvesmakinga.(foto: Anne Borchgrevink Alu)