Information in English Information in English Informaci�n en espa�ol
       Informationen in Deutsch


     Norske Akevitters Venner
     Postboks 119, Manglerud
     0612  Oslo

     Tlf: 23 15 85 00
     Kontortid: 09.00 - 16.00

Våre sponsorer:








     Abonner på våre
nyheter (RSS)
     Abonner på alle
artikler (RSS)

    

Hallingdal blir eigen region

Norske Akevitters Venner - Kong Haddings rike er namnet på den nye regionen som blir skipa 26. januar 2013.


- Me har som mål å fokusere på dei trivelege stundene rundt bordet, der lokal mat og norsk drikke er med på å setja ramma rundt det gode måltidet, seier marit Wøllo i interimstyret fro den nye regionen.
   Wøllo meiner måltidet, som den sosiale hendinga, er ein viktig del av kulturarven vår.

Så sto det å lesa i lokalavisa Hallingdølen under Kultur 11. januar - og laurdag 26. januar er det duka for skiping av regionlaget på Kamben høyfjellshotell.

Med på skipinga er óg tidlegare president i Norske Akevitters Venner, Anne-Lise Mellbye som både vil halde foredrag og organisere akevittsmaking.

Kong Hadding
Kven var så denne Kong Hadding - eller Haddr: Han var ein lokal småkonge som sette spor etter seg i Hallingdal, og litt meir kan du lesa her under overskrifta Historie. Sjå óg her.


 tilbake

Marit Handeland Wøllo (t.v.) og Tove Eggen Lien er med i interimstyret for NAV Hallingdal - Kong Haddings rike som vert skipa 26. januar 2013. (faksimile Hallingdølen)