Information in English Information in English Informaci�n en espa�ol
       Informationen in Deutsch


     Norske Akevitters Venner
     Postboks 119, Manglerud
     0612  Oslo

     Tlf: 23 15 85 00
     Kontortid: 09.00 - 16.00

Våre sponsorer:








     Abonner på våre
nyheter (RSS)
     Abonner på alle
artikler (RSS)

    

Kulturkveld med akevitt og damer i D-Dur

Nesten 80 personar var møtte fram på Kulturkveld på Gammal-Kleppe i Sjårdalen (Vågå) til akevittkurs, musikk og mat. Gotmar Rustad sto for prøvesmaking og kåseri.


Sjefsformidlar ved Løitens Brænderi, Gotmar Rustad, tok dei frammøtte med på ei fagleg og gastronomisk reise inn i akevitten si verd med ulike smaksprøver, historier og annen nyttig lærdom.

Det musikalske var ved Damer i D-Dur som består av ei gruppe syngjande damer frå Ottadalen. Dei bidrog med song under akevittkvelden, og da Torunn Elise Berg frå Vågå song solonummeret sitt, sat publikum som nagla til stolane. Bidrog gjorde også Mette og Vegard Vårdal - med historier frå Vågå og felespel. I tillegg framførte Even Lusæter dikt.

Det vart med andre ord litt for både gane og øyra. 


 tilbake

Styremedlemma i NAV Ottadalen, frå venstre Harald Sve Bjørndal, Dag Lindvig og Simen Bjørgen saman med Gotmar Rustad (nummer tre frå venstre).



Damer i D-dur, frå venstre Mona Aabakken, Ingunn Munch Lindvig, Torunn Elise Berg, Gry Elisabeth Bakke og Kristine Sørlie.



Vert Dag Lindvig i full sving med serveringa av lokale smaker.