Information in English Information in English Informaci�n en espa�ol
       Informationen in Deutsch


     Norske Akevitters Venner
     Postboks 119, Manglerud
     0612  Oslo

     Tlf: 23 15 85 00
     Kontortid: 09.00 - 16.00

Våre sponsorer:








     Abonner på våre
nyheter (RSS)
     Abonner på alle
artikler (RSS)

    

080927. Bli med NAV Bergenhus til Ægir

Bli med NAV Bergenhus til Ægir Mikrobryggeri og Gildehall og bu på Flåmsbrygga Hotell i Flåm helga 27. til 28. september.

Informasjon om sjølve arrangementet finn du i Aktivitetskalenderen.

Tunge tradisjonar i ny utgåve i Flåm

Gildehallen og mikrobryggeriet Ægir til Aud Melås og Evan Lewis i Flåm må vera det næraste ein kan koma eit gilde i Valhall i vår verd. Ved eit tilfelle kom me over denne perla av ein skjenkestad under eit opphald ved Fretheim Hotell i Flåm i fjor haust. Først trudde me de var ein replika av ei stavkyrkje sett opp for turistane si skuld. Ved nærare augnesyn viste det seg at dette visst var ein andfull stad, men her er det Gudane i Åsgard, Æsene, ein feirar, i gjestebod hjå Ægir.

Ægir er havet sin herskar. Han åtte det største bryggjekaret i verda og Ægir sin hall var ein fredlyst stad. Hallen var opplyst av det skiraste gull, og såleis er det at gullet vert kalla Ægir sin eld. Maten og ølet ber seg sjølv ikring til gjestane i denne hallen, og Æsene finn seg vel til rette i Ægir sitt gilde.

I Flåm er det husfrua sjølv, Aud Melås, som lyser opp Ægirhallen med hår like ljost og fagert som håret til Tor si kone, Lin, og med eit smil like innbydande som smilet til Frøya, medan det er mannen hennar, Evan Lewis, som er Flåmsbygda sin Ægir, i det det er han som står bryggjinga av Gudedrikken i Gildehallen.

Flåm er kjent vidt ikring som turiststad med bratte, vakre Flåmsbana som forlet Bergensbana på Myrdal og strekkjer seg 20 km ned mellom ville fjell og frådande fossar til Flåmsbygda ved Sognefjorden. Om sommaren syder det av turistar i bygda. Dei kjem med cruiseskip inn til den vakre fjordbygda, eller dei reiser med turopplegget «Noreg i eit nøtteskal» frå Bergen via Voss, Gudvangen og gjennom den verdsarvlista Nærøyfjorden, for så å dra vidare med Flåmsbana. Oftast hastar turistane gjennom bygda, men no finst der eit framifrå påskot til å oppsøkje denne vidgjetne staden, mest eine og åleine på grunn av det stadig meir vidgjetne Ægir mikrobryggeri, Gildehall og Hotell.

Husfrua Aud Melås skifta stilling frå ein lovande karriere innan finansnæringa som administrerande direktør i ein japansk forretningsbank i USA til å satse på ny næring i ei fjordbygd langt inne i Sognefjorden av di ekteparet såg potensialet til suksess tufta på tradisjon, kultur og kvailtet m.a. knytt opp mot turistnæring. For med seg på ferda til Flåm hadde ho nemleg Vestlandet si utgåve av Ægir, sjefsbryggjaren sjølv, ektemannen Evan Lewis, med diplombryggjarutdanning frå Skandinavisk Bryggeriskole i København. Ferda fram til mikrobryggeri, Gildehall og tilhøyrande hotell, det siste opna 20. juni i år, starta med at den ikkje-øldrikkande og heller pripne banksjefen og forretningskvinna frå Leikanger, med oppsett hår og høghæla sko, møtte den langhåra musikartypen og ølbryggjaren Evan Lewis frå Rochester i New York. I utgangspunktet var dei nok ikkje nett typane for kvarandre, men når desse to byrja å koka i lag, varte det ikkje lenge før brygget tok til å ta form og utvikle kvalitet, og såleis enda som storsatsing i Flåm.

Forretningsteften har ho halde på, men den Aud Melås me møtte i Flåm er så langt frå ei prippen forretningskvinne ein kan tenkja seg: Me møtte den mest fargerike, rause og humørfylte Frøya som tenkjast kunne, som i all sin gjestfridom førte oss lukt inn i Ægir si sanserike verd, med bryggjaren sjølv, Evan/Ægir, ved sida si, som baud på dei liflegaste dufter og dei mest forførande smakar i sine fem utgåver av Gudedrikken han framstiller inne i den tradisjonrike fjordbygda.

Norske Akevitters Venner, avdeling Bergenhus (tidlegare avd. Hordaland og Gulen) hadde avtala møte med Ægirvertskapet ein laurdag på forsommaren, nærare bestemt pinseafta. Me ville me sjå kva husfolket ved Ægir hadde å by på.

Møtet me trudde ville bli ganske kort i tilstundane helg og byrjande turistsesong kom til å ta mange timar. Me blei budne inn i ei verd av sanselegdom i ein hall, som utanfrå kan likne ei stavkyrkje og inne har ei utforming med lokale byggjemateriale, forma til ei verd av norrøn mytologi og moderne mikrobryggeri, gamalt og nytt i elegant samspel, der vertskapet har halde balansen utan å falle ut i Disneyland-kitsch. Det har blitt ein gildehall i notid med gamle tradisjonar, der Heidrun står på skjenkedisken. Om ho framleis har mjød i spenane har me ikkje testa, men ho står med Odin og Ægir nedunder seg og vaktar bryggjartankane bak glasveggen.

Me fekk servert dei lekraste ølsortar, fem til saman, og skjøna raskt kvifor Æsene held slik av gilda hjå Ægir.

Når vertskapet så byr på akevitt frå det einaste private brenneriet i Noreg, Agder Brenneri, vert gildet i sanning i god ånd: sprit - spirito - Spirito Sancto; ei annleis og sanseleg feiring av pinse. Gudane gav oss ølet og brennevinet for at me skulle gleda oss, men skal det gå til må måtehald saman med sanselegdom stå i høgsetet. Dette fullfører Aud Melås og Evan Lewis ved at dei fem ølsortane skal kunna følgjast av mat av beste kvalitet, tilpassa den enkelte øltypen: Kvase Kølsch, Bøyla Blonde Ale, Rallar Amber Ale, Ægir India Pale Ale og Sumbel Porter. Dei er ihuga på å spreie ølkunnskap og læra gjestane å nyte, ikkje fyll, og å nyte saman med mat: Gjestane får smake øl som passar til sjømat som kreps og reker, geitost, medan den mørkaste øltypen, Sumbel Porter, passar til m.a. sjokoladekake! Det mest populære ølet er Rallar Amber Ale. Ein tank på tusen liter av det djupraude ølet med smak av nøtter og toffee går gjerne tom i løpet av sju til ni dagar!

Alt ølet vert bryggja utan sukker, kun med bygg, humle og gjær. Humla gjev ikkje berre smak, ho er også konserveringsmiddel. Gjærstammen og malttypen er avgjerande for ølkvaliteten. Evan Lewis nyttar mellom tre og seks malttypar i kvar ølsort. Produksjonstida tek i gjennomsnitt to veker.

I løpet av den korte tida frå mikrobryggeriet i Flåm kom i gong og til at ølet frå Ægir har blitt kjent, har stadig fleire butikkar og skjenkestader kome med førespurnad om å få føre Evan Lewis sine gudedrikkar, og han kan synast å koma i eit overskotsproblem, nemleg produksjonskapasiteten. Og stadig fleire aviser og tidsskrift skriv om dei, så ekteparet synest i sanning å ha funne gullet ved regnbogen sin ende, inne i den vakre Flåmsbygda i Aurland.

Me kan på det varmaste råde nordhordlendingar med sans for inntrykk i form av smaks- og duftopplevingar, raust, venleg og profesjonelt vertskap, og venleik i natur og arkitektur, å ta turen til Flåm og ta del i Aud Melås og Evan Lewis, alias Frøya og Ægir, si sanselege verd.

Då me skulle dra frå Flåm spurte me korleis bruket går, også utanom turistsesongen. Aud Melås svara at sesongen vert strekt i begge endar, ellers er det mange selskap utover hausten, julebord, bedriftssamlingar, brudlaup, konfirmasjonar og barnedåpar. Og i tillegg har dei ein tradisjon der inne i fjorden ho ikkje kjente ute frå Leikanger, og det var gravøl. Dei hadde faktisk feira nokre gravøl i Gildehallen, og «da va steikje kjekt»! Ja, kvifor skal ein ikkje feira at ein hadde eit godt liv framfor sørgje over at ein har forlatt tida? Grete og eg tinga våre gravøl på Ægir med det same, og etter å ha tenkt seg om, gjorde også Olav det, men sidan han er yngst ville nok han sist i rekkja, slik at han fekk med seg våre først... Me sa til henne at det var litt vanskeleg å fastsetje datoen nett no, og det hadde Husfrua forståing for. - Men, sa ho, - om de skulle no kjenna på dykk at det nærmar seg, kan de ikkje ta ein telefon, for det kan jo vera at eg må setje over ei ekstra koke? Etter dette møtet med Ægir mikrobryggeri er det slik at me mest gleder oss til å koma til Valhall, der me reknar med at Aud vil ha flust opp å gjera som Vertinne og Dagleg Leiar, kor ho med sitt hjartelege smil vil ynskja oss velkomne i i Gildehallen i Åsgard, der Evan har teke over jobben med ølbryggjinga for Ægir, som har trekt seg tilbake for å nyte Gudedrikken frå Flåm.


 tilbake